Wastvedt’s Weblog
Nettbloggen til Ole Andreas, Anette og Rebekka Wastvedt

Rebekka sine siste påfunn :)

Sio sist vi skreiv om Rebekka, så har da skjedd ganske masse. Utviklinga går kjempe fort.  Ho klare no å rulla seg rundt frå ryggen til magen, og å ligga på ryggen e ikkje noko kjekt lenger. Der ligg ho berre når ho e trøtt, eller sove.  Ho har og begynt å komma seg litt rundt i rommet, men kun i retning bakover. Da synest ho e litt kjedelig, for då komme ho seg aldri bort til lekane sine :(    Ho klara og å snu seg rundt seg sjøl. sånn at ho får forandra retning innimellom. Da sista nya e at ho prøve å få beina under seg når ho ligg. Så vi trur ikkje at da e så lenge før ho krype. Dessuten så vil ho berre sitta rett opp, og ikkje ligga bakover. og i vippestolen så sette ho seg opp sjøl. Men ho sitte ikkje sjøl heilt enda, for balansen e ikkje heilt god enda. ho e og veldig glad i å stå, og med litt støtte i hendene, og noko å støtta fotblada mot så reiser ho seg opp i ståande sjøl. så det er ei sterk lita frøken vi har.

Elles så e lekane blitt meir og meir kjekke. Og da skal ikkje så mykje til for at da skal vera spennande. Eit papir som knitre, ein boks med noko som laga lyd, eller berre dei vanlege lekane, og spesielt bamsar. Ho kan og lika å sjå i ei bok eller å høra musikk.  Og ho klarar å underholda seg sjøl ganske lenge med dette

Rett før jul, så begynnte ho å få litt fast føde. Favoritten er eple- og mangomos. Den blir ho sint når ho ikkje  får meir av. Elles så er graut ein god nummer 2 og den får ho no ein til to ganger om dagen.  Vi har og prøvd med litt middag (gulrot og potetmos), men den ville ho ikkje ha. Ho snudde rett og slett vekk hodet og nekta å åpna munnen. Men vi får berre prøva igjen. Så får vi vel i ho da og til slutt

No Responses Yet to “Rebekka sine siste påfunn :)”

Leave a Reply